Intervju med forsker fra IFFSF: Hva er svogerforskning?

torsdag 14. januar 2010

Språknytt

I god svogerforskningsånd, med eit inderleg ynskje om å utforska nye horisontar og spreia gleda over verdas mange fantastiske språk blant skarar av late og talentlause menneske, lanserer denne svogerforskaren no eit eineståande prosjekt som tek sikte på utprøving av nye, alternative (og helst mest muleg innsatslause) metodar for språkinnlæring. Første metodeutprøvingspresentasjon blir her lagt fram, og fleire vil forhåpentlegvis følgja i uoverskueleg framtid. Prosjektet er ope for bidrag frå alle baugar og kantar.

Metode 1: Firefox-metoden.
Framgangsmåte: Språket på Firefox vart endra og ein add-on som automatisk omset tekst på internettsidene som blir opna vart installert. Språket som vart valt for dette spesifikke forsøket var børk, børk, børk.
Teori: Språkstudenten blir automatisk utsatt for det nye språket ved prokrastinering på internett. Utifrå ein tanke om at ein lærer eit språk raskare jo meir ein blir utsatt for det skulle dette auka tempoet på innlæringa.
Effektivitet: Endelege konklusjonar er ikkje klåre. Foreløpige resultat viser ein tendens til ein auke i tidsbruk på kvar enkelt internettside som blir oopna i løpet av ef ee prokrastineeringsøkt og eit teeltukande prublem mee det ootometiske retteprugremmet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...