Intervju med forsker fra IFFSF: Hva er svogerforskning?

torsdag 9. september 2010

WHO har tala: Nye retningslinjer for personleg hygiene i Noreg

Leiaren for WHO sitt hygieneråd, Vaska Ség, har etter eit nyleg besøk i Noreg komme med nye retningslinjer for personleg hygiene for det norsk folk. Under opphaldet opplevde han nemleg, ved heile tre høve, å bli ståande ubehageleg nær eit individ med dårleg personleg hygiene. Etter denne skrekkeleg opplevinga rekna Vaska Ség seg fort fram til at heile ein av tre i den norske befolkninga har ei personleg hygiene som er under pari.


Fig. 1.1.1.1.1: Fjøng grafikk

Det vart straks sett ned ein komité beståande av både norske og internasjonale ekspertar på personleg hyginene, m.a. Kari Skurefilla, kjend for oppropet Deodorant til folket!, og Axel Rosevatn leiar av aksjonen Sprei Såpa!! Rapporten frå utvalet "Utgreiing om hygienemessige forhold i kongeriket Noreg, 2010" er no klar. På grunnlag av denne rapporten tilrår WHO på det sterkaste at deodorant i fyrste omgang blir påbode på alle offentlege stadar og at ein så vidare utvidar til kontroll av heimen til barnefamiliar slik at ein sikrar at ingen under myndigheitsalder blir utsett for lukta av uvaska kroppar.

Kjell Børsson, AP, uttaler til IFFSF at "det kan vera sterkt traumatiserande for mindreårige å bli utsett for ufiltrert kroppslukt. Det er difor både viktig og heilt rett av WHO å komma med denne tilrådinga, og me i regjeringa vil arbeida for at dette blir implementert i det norske lovverket snarast råd."

Inga Ugjerdsla, politisk talskvinne for Sp, meinar regjeringa bør vurdera å oppretta eit eige overvakingsorgan og eit hygieneombod som skal sjå til at dei nye retningslinjene blir sette i kraft og ha oppsyn med framtidig overhalding.

Berit Oppibakken, SV, meinar på si side at dei nye WHO-krava vil skapa ei ny underklasse i Noreg. "Denne typen forskjelsbehandling vil føra til ei uforholdsmessig stor økonomisk byrde for dei som ikkje har moglegheit for å arbeida heimefrå og difor vil bli tvungne til å bruka store summar på deodorant og parfyme. Dessutan vil påbodet gå ekstra sterkt ut over allereie svake grupper i samfunnet som narkomane og uteliggjarar. Desse har jo som kjent ikkje noko deodorantfri sone å trekkja seg tilbake til."

Ho får uventa støtte frå Camping-Kåre i FrP som vil ha lukta si for seg sjølv. "Dette er nok eit angrep frå feministstaten på ekte mannlege rettar, som å kunne bruke same trusa sju dagar i strekk og kun skifte sokkar når dei står av seg sjølv. Eg vil ha meg fråbedd slik detaljstyring av undertøyskuffa. Ei slik lovgjeving vil føra til at eg må investera i nytt undertøy og det settet eg kjøpte i Malaga for 12 år sidan fungerer godt for meg enda."

Asta Ma i Astma- og Allergiforbundet er og skeptisk til WHO sine tilrådingar. "Me har allereie mange medlemmar med parfymeallergi og fryktar eit forverra tilvere for desse. Dersom ein skal innføra denne typen lovverk må ein i same omgang oppretta parfymefrie soner for allergikarar. Det bør dessutan innførast ei ordning med verna bedrifter for personar med parfymeallergi som har rett til å opphalda seg i eit parfyme- og deodorantfritt arbeidsmiljø."

Pressetalsmann for AXE, Heine Klein, var ikkje tilgjengeleg for kommentar då H og -S- kontakta selskapet for å få ei uttaling om dei nye WHO-retningslinjene av di han var oppteken med å dansa ein liten sigersdans medan han song "peng til meg peng til meg - yeah yeah yeah!".

6 kommentarer:

  1. Som parfymeoverfølsom astmatiker vil jeg opplyse særlig Asta Ma om at det finnes parfymefrie deodoranter, og at folk som lukter vondt også kan utløse både astma og annet ubehag, som f.eks kvalme og brekninger.

    SvarSlett
  2. Den norske eterfabrikk tilbyr en fortreffelig og faktisk ekstra svettehemmende deodorant av merket "Eternell".

    For øvrig håper jeg at WHO vil ta med i sine retningslinjer at økt bruk av parfyme faktisk IKKE oppveier for manglende vasking eller skifte av klær. Gamle damer som tar ofte buss bør spesielt få en oppfølging.

    Hva sier forresten de nye retningslinjene om tobakksmarinering av alt man eier og har? Svette + tobakksmarinering + parfyme = ganske uggen og uhygienisk kvalmende odør.

    Kan noen lage en kalkyle for verdiene av svette, parfyme, tobakk og øl, og hvordan disse bør avpasses for å holde seg innenfor et anstendig luktnivå? Dette tror vi, Z. og Sv., er nødvendig for å ta kontroll med luktklimatrusselen som holder på å ødelegge det globale friskluftnivå.

    SvarSlett
  3. Vil bare få lov til å uttrykke glede over de nye retningslinjene og et tre ganger tre huzza! for VHO som til vårt felles beste har visst å ta ansvar i denne viktige saken. Ja til detaljstyring av undertøysskuffen! De leve!

    Huzza!
    Huzza!
    Huzza!

    Huzza!
    Huzza!
    Huzza!

    Huzza!
    Huzza!
    Huzza!

    SvarSlett
  4. Som ein kanskje har sett i nyheitene i det siste er jo tobakk på veg til å bli forbode i private heimar. Når WHO no meinar ein må gjera vasking og deodorantbruk påbode for for folk som vil opphalda seg i det offentlege rom reknar ein det som fyrste steget på den same vegen. Kampen mot tobakk kan vel vera seiast å ha komme nokre steg lenger, godt på veg mot totalforbod, med gapestokk og buksevatn for lovbrytarar. Tobakksdebatten i media er forresten ikkje er heilt urelatert til denne saka...
    Når det gjeld overforbruk av parfyme skal det heller ikkje kimsast av. Kontroll med parfymenivået vil nok bli eitt av ansvarsområda til det nye overvaingsorganet for folkehygiene.
    Til slutt kan eg nemna at det for tida pågår utgreiingar som ein ventar skal føra fram til WHO-rapportar om mogleg regulering eller forbod mot, i første omgang, snus og eksos. Øl er eit noko meir ømtålig tema som vil krevja inndeling av brukarane i kategoriar og differensiering mellom kvalifiserte og ukvalifiserte brukarar. Det blir vurdert om ein skal innføra eo sertifikatorning.

    SvarSlett
  5. Denne svogerforskaren har forresten i det siste spontanforska mot sin vilje på effekten muggsopp på soverommet har på pusting. På grunnlag av denne høgst ufrivillege forskinga kjem ho til å gå inn for at ein legg ned totalforbod mot muggsopp og liknande vekstar i Noreg.

    SvarSlett
  6. Dine muggsoppforskningsresultater støttes garantert av mine!

    Fiskekakespising på buss burde forresten også vært forbudt, spesielt hvis man ikke har tatt innover seg nye retningslinjer for personlig hygiene.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...